torsdag 1. desember 2011

1.desember og julesnø



Fyrste søndag i advent vakna eg tidleg til lyden og lyset av nysnø. Litt susen i hovudet etter sein julebordskveld dagen før, hadde eg vel tenkt å sove nokre timar til, men denne fantastiske oppdaginga sende meg ein snartur innom soverommet, "DET ER SNØ - SJÅ UT!!", før turen bar inn i boden for å finna fram lyspynten.


No heng kula, dropen, klokka og hjartet fordelt i vindauge og verandadør.


Saman med den herlege utsikta vår, skaper desse lysa perfekt julepynta vindauge.


Er det snø hos deg?

Ha ein fin 1. desember! :)

6 kommentarer:

  1. Utsikta til Anna og Sverre <3 Gleder meg til aa komme paa besoek og see paa julepynten din.
    M

    SvarSlett
  2. Åja! Da skal me kosa oss med gløgg, peparkaker og klementiner! :)

    SvarSlett
  3. Her er det 10 plussgrader og grønn plen. Plena vokser faktisk fremdeles. Jeg liker egentlig mildvær bedre enn kulde, men dette er litt klimaskummelt.
    Ellen :)

    SvarSlett
  4. Nydeleg, Anna :) Og så så herleg at du skriv nynorsk! :)

    SvarSlett
  5. Ellen: Eg er glad i både varme og kulde, men det må vere enten eller, ikkje sludd-slaps-null-grader-føre. Og ja, det kjennest litt ekkelt at det er så varmt i desember.
    Anonym: Takk! Eg skriv nynorsk og bokmål litt om ein annan, i dag føltes det rett å bruke "morsmålet".

    SvarSlett
  6. Så hyggelig at du vil være med på give away hos meg :)

    Og så heldig du er som har fått snø utenfor! Kunne ønske det kom litt her også, men det ser jammen dårlig ut...

    Ha en fin kveld :)

    SvarSlett