lørdag 3. desember 2011

3. desember og fleire pakketips


I går viste eg fram korleis eg har pakka inn årets julegåver. Mange såg nok at eg har forelska meg i DYMO-tapen eg og. Valet fall på raud tape på forskjellige papp-restar, festa med ei lita stjerne-klype.

Eg feirar julaften heime hos foreldra mine, og med oss fem søskena, mor og far, farmor og farfar, vert det svært mange pakkelappar å lese opp. Da er det fint at skrifta er tydeleg og at bodskapet er kort og konsist, av typen:
TIL MOR
GOD JUL
FRA ANNA
Dette er ikkje tida for lange kjærleikserklæringar eller juleønskjer. Alle pakkane må delast ut før det er lov å byrja åpne, og dét kan vere i tolmodspøve for oss alle.

Ha ei fin helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar